plutselig fann du ro
du fann den bak ein stein
inn i ei myr
opp på ein flat sti
og på den harde benken
du såg noko som gav deg ro
du kjende noko som gav ly
du sende ut signal om at du var
er
og
alltid
vil
vera
-
ei fri og sjølvstendig sjel
på veg mot noko, men med tid til å stoppe opp der det er bratt, der det er noko fengslande,
der det er noko spennande, og der det er ein avstikkar, ein kjærkommen sideveg ellert eit hardt tiltrengt hjørne, å puste litt i....
No comments:
Post a Comment