canea - drops

stadige drypp frå tanke til tastatur, blir til alle tenkelege betraktningar, til kulørte og smaksrike drops...

Monday, July 11, 2011

Saturday, February 19, 2011

oppsikt

many guesses, many speeches, many forward, backward, betweens
any leftovers ?
Posted by Picasa

Friday, February 18, 2011

construct deconstruct

construct
deconstruct
talk
retalk
smell
offsmell
private
into private
smile
resmile
fix
defix
pack
repack
load
deload
Posted by Picasa

Thursday, February 10, 2011

viktigper

du er viktig
du er ein viktigper
ørsmå nyansar
skiplar - øydelegg
berre tanken på at du er viktig
at du er viktigper
det er fallhøgda som er så snedig stor
frå at du er viktig og utviklar deg til viktigper
nei fyfyfy
slikt skal vel ikkje tankane tenkja meir på
nett no
det kunne jo setja deg i eit bad, bad, bad (engelsk) lys
i forhold til meg
i forhold til kven ?
i forhold til nokon
nokon som ser
som seg deg
og som plutseleg finn at du, du er viktig -
her!

Wednesday, January 12, 2011

truleg

truleg det
truleg er det
treuleg er det nok
truleg er det nok med ein våt sokk

Tuesday, August 3, 2010

Monday, April 13, 2009

kald vind

kald vind smyg flørtande over mitt kinn og ropar fram våren
ropar fram det lydlause som skjer rundt meg og i meg og over og under meg.
våren sa du
våren som smeltar alt sa du
våren som kjem med alt sa du
våren som plutseleg og umerkeleg er her.
er her.
er her.

Wednesday, October 29, 2008

Tuesday, October 21, 2008

so kva

so kva skal eg med dette?
so kva skal du forstå?
so kva kan orda nytte?
so kva, nok ein gong.

Saturday, August 30, 2008

notere noe

NOTERE NOE briljere med noe spekulere på noe la tingene være noe eller berre tenke ut noe, som kan føre til noe, sette i gang noe, små drypp som kan bli, små snitt som kan svi, små blikk som kan bety, små hender som kan styrke og/eller stryke, små latterbobler som kan trille, små bjeff som kan bli store og små redde sting som kan treffe blink. Som kan svi, som kan berøre, behøve, benytte, beslutte.
Tenk tanken, bre tanken, i bresprekk, over brefarge, inn i brevinkel,ut over brelandskap og bre over deg.

Monday, August 11, 2008

bankande

pustande
ro deg no
stille no
i sikkerhet føre klokka to
snedig sjumilsspringande
pustande pesande
bit meg i nakken
struper
og ler bankande hjarte
bli der du er
-

Sunday, April 27, 2008

UVISSA

Redsel for uvissa, men klar i tanke,
og snar til å handle, gjera noko, ikkje sitte still, ikkje teie, ikkje neie, berre vera til.

Min tanke er som eit spegelsinn,
og den spegelen legg eg ofte vekk,
slenger den frå meg som om den ville meg det verst tenkelege,
ville jage og smerte meg, ville såre og audmjuke meg,
eg slenger den veggimellom,
utan tanke for om den kan knusa,
verta øydelagt, få skrammer og sår,
eg vil berre ha den vekk,
så fort så fort,
det er ubehaget, ..ikkje til å halda ut, klarar ikkje, maktar ikkje,
vil ikkje sjå, vil ikkje oppdaga
uvissa
visste eg det ikkje..
der i spegelen,
der midt i
mitt eige engstelege andlet.

notere noe

NOTERE NOE briljere med noe ..spekulere på noe ..la tingene være noe eller berre tenke ut noe, som kan føre til noe, sette i gang noe, små drypp som kan bli, små snitt som kan svi, små blikk som kan bety, små latterbobler som kan trille, små bjeff som kan bli store og små redde sting som kan treffe blink. Som kan svi, som kan berøre, behøve, benytte, beslutte.
Tenk tanken, bre, bresprekk, brefarge, brevinkel,brelandskap og be.

Saturday, April 12, 2008

trufast i tru

truleg litt på sida dette
kjenner det som det kjem inn frå vest
og trengjer på frå aust
berre som ei aning
ein gjenkjennade tanke
ei aha-oppleving om at
dette har eg sett før
dette har eg høyrt før
dette har menneske
innkorporert som ein kjær og kjend lekamsdel
gjort til sitt
blitt som ein del av
trufast i tru

Tuesday, April 1, 2008

forsterkning takk

treng forsterkning raskt takk
er både varm og kald att
brukar hjelm på ski, men
strevar med elendig gli, ratt
forsterkning raskt
no
takk

Friday, February 15, 2008

bjørnebær

bjørnebærsaft og bjørnebærlukt og bjørnebær lubbne store saftsprengde og gode
er kjekkare å tenkje på vinterstid
om sommaren går eg ofte rett forbi!

Wednesday, November 28, 2007

soon

and very soon

soon and very soon

soon and very soon

soon my moon

portrett

av dei minst synlege
partia
av min kropp
dei eg skjuler
dei eg pressar ned
dei eg skal ta knekken på
men det er berre det
at desse portretta er ein alt for stor del av
det som er
meg

Wednesday, October 31, 2007

rot og rask

rot og rask og søppeltrask
berre mask med søleplask
men uti pytten ligg eit ord
som hevar seg over alt på jord
ordet er der
ordet når meg som eit ekko
ordet bryt igjennom frost og sole
med glede
over å slenga av seg våte sko


Posted by Picasa