canea - drops

stadige drypp frå tanke til tastatur, blir til alle tenkelege betraktningar, til kulørte og smaksrike drops...

Monday, April 13, 2009

kald vind

kald vind smyg flørtande over mitt kinn og ropar fram våren
ropar fram det lydlause som skjer rundt meg og i meg og over og under meg.
våren sa du
våren som smeltar alt sa du
våren som kjem med alt sa du
våren som plutseleg og umerkeleg er her.
er her.
er her.

Wednesday, October 29, 2008

Tuesday, October 21, 2008

so kva

so kva skal eg med dette?
so kva skal du forstå?
so kva kan orda nytte?
so kva, nok ein gong.

Saturday, August 30, 2008

notere noe

NOTERE NOE briljere med noe spekulere på noe la tingene være noe eller berre tenke ut noe, som kan føre til noe, sette i gang noe, små drypp som kan bli, små snitt som kan svi, små blikk som kan bety, små hender som kan styrke og/eller stryke, små latterbobler som kan trille, små bjeff som kan bli store og små redde sting som kan treffe blink. Som kan svi, som kan berøre, behøve, benytte, beslutte.
Tenk tanken, bre tanken, i bresprekk, over brefarge, inn i brevinkel,ut over brelandskap og bre over deg.

Monday, August 11, 2008

bankande

pustande
ro deg no
stille no
i sikkerhet føre klokka to
snedig sjumilsspringande
pustande pesande
bit meg i nakken
struper
og ler bankande hjarte
bli der du er
-

Sunday, April 27, 2008

UVISSA

Redsel for uvissa, men klar i tanke,
og snar til å handle, gjera noko, ikkje sitte still, ikkje teie, ikkje neie, berre vera til.

Min tanke er som eit spegelsinn,
og den spegelen legg eg ofte vekk,
slenger den frå meg som om den ville meg det verst tenkelege,
ville jage og smerte meg, ville såre og audmjuke meg,
eg slenger den veggimellom,
utan tanke for om den kan knusa,
verta øydelagt, få skrammer og sår,
eg vil berre ha den vekk,
så fort så fort,
det er ubehaget, ..ikkje til å halda ut, klarar ikkje, maktar ikkje,
vil ikkje sjå, vil ikkje oppdaga
uvissa
visste eg det ikkje..
der i spegelen,
der midt i
mitt eige engstelege andlet.

notere noe

NOTERE NOE briljere med noe ..spekulere på noe ..la tingene være noe eller berre tenke ut noe, som kan føre til noe, sette i gang noe, små drypp som kan bli, små snitt som kan svi, små blikk som kan bety, små latterbobler som kan trille, små bjeff som kan bli store og små redde sting som kan treffe blink. Som kan svi, som kan berøre, behøve, benytte, beslutte.
Tenk tanken, bre, bresprekk, brefarge, brevinkel,brelandskap og be.