canea - drops

stadige drypp frå tanke til tastatur, blir til alle tenkelege betraktningar, til kulørte og smaksrike drops...

Monday, June 4, 2007

I BILDE


kva eg legg i bilde


kva du legg i bilde


kva ligg i bilde


og kven veit kva som ligg i bilde


og ikkje minst skal det finnast eit svar


som er eintydig


ikkje til å misforstå


rett fram


beint ut


direkte oversatt


frå auge til tanke


NEI


her kjem protesten


vil gå annan veg


vil ikkje


vri unna


vrenge vekk


snu bort


og felle av


for kva forstår eg eigentleg?