canea - drops

stadige drypp frå tanke til tastatur, blir til alle tenkelege betraktningar, til kulørte og smaksrike drops...

Sunday, April 27, 2008

UVISSA

Redsel for uvissa, men klar i tanke,
og snar til å handle, gjera noko, ikkje sitte still, ikkje teie, ikkje neie, berre vera til.

Min tanke er som eit spegelsinn,
og den spegelen legg eg ofte vekk,
slenger den frå meg som om den ville meg det verst tenkelege,
ville jage og smerte meg, ville såre og audmjuke meg,
eg slenger den veggimellom,
utan tanke for om den kan knusa,
verta øydelagt, få skrammer og sår,
eg vil berre ha den vekk,
så fort så fort,
det er ubehaget, ..ikkje til å halda ut, klarar ikkje, maktar ikkje,
vil ikkje sjå, vil ikkje oppdaga
uvissa
visste eg det ikkje..
der i spegelen,
der midt i
mitt eige engstelege andlet.

notere noe

NOTERE NOE briljere med noe ..spekulere på noe ..la tingene være noe eller berre tenke ut noe, som kan føre til noe, sette i gang noe, små drypp som kan bli, små snitt som kan svi, små blikk som kan bety, små latterbobler som kan trille, små bjeff som kan bli store og små redde sting som kan treffe blink. Som kan svi, som kan berøre, behøve, benytte, beslutte.
Tenk tanken, bre, bresprekk, brefarge, brevinkel,brelandskap og be.

Saturday, April 12, 2008

trufast i tru

truleg litt på sida dette
kjenner det som det kjem inn frå vest
og trengjer på frå aust
berre som ei aning
ein gjenkjennade tanke
ei aha-oppleving om at
dette har eg sett før
dette har eg høyrt før
dette har menneske
innkorporert som ein kjær og kjend lekamsdel
gjort til sitt
blitt som ein del av
trufast i tru

Tuesday, April 1, 2008

forsterkning takk

treng forsterkning raskt takk
er både varm og kald att
brukar hjelm på ski, men
strevar med elendig gli, ratt
forsterkning raskt
no
takk