canea - drops

stadige drypp frå tanke til tastatur, blir til alle tenkelege betraktningar, til kulørte og smaksrike drops...

Thursday, February 10, 2011

viktigper

du er viktig
du er ein viktigper
ørsmå nyansar
skiplar - øydelegg
berre tanken på at du er viktig
at du er viktigper
det er fallhøgda som er så snedig stor
frå at du er viktig og utviklar deg til viktigper
nei fyfyfy
slikt skal vel ikkje tankane tenkja meir på
nett no
det kunne jo setja deg i eit bad, bad, bad (engelsk) lys
i forhold til meg
i forhold til kven ?
i forhold til nokon
nokon som ser
som seg deg
og som plutseleg finn at du, du er viktig -
her!

No comments: